Årets aksjonsdag er søndag 22. juni. Då blir det matsalg og kjekke aktivitetar for alle, og for heile familien.
KAKEBAKING OG SMAKING MED MEINING
Familiefest - Saman - Sykkylven kyrkjepark!
Kyrkjeparken utanfor Sykkylven kyrkje kjem komande søndag til å yre av folk i alle aldrar,- liv og aktivitetar.

Sykkylven kyrkje inviterar alle til fest, i og rett etter gudstenesta. Det vert grilling med sal av pølser, popkorn, kaffi og kaker med meir. Quis, ansiktsmaling, sporløp, lykkehjul og aktivitetar for små og store. Barnekora og søndagsskulen har avslutning denne dagen.
Nytt av året er kakebakekonkurranse!
Sykkylven har hatt både «verdens lengste sofa», største Sunnmørske kakebord og høgste kransekake, så kvifor ikkje det mest kreative kakebordet også? Vi utfordrar unge og vaksne kakebakarar.
Vi kårar kaka med best smak, den finaste kaka og den mest orginale kaka. Ei klasse for vaksne og ei klasse for barn/unge. Det vert sjølvsagt mulig å få smake kakene, etter at eit dommarpanel har sagt sitt. Ta på deg forkle, hiv deg rundt og bli med på ein annaleis bakekonkurranse. Kaker kan leverast før gudstenesta.
Kva er meininga med dette?
Kakene vert selde til inntekt for barn i Midt-Austen, så dette vert baking og smaking med meining.
Kyrkjene i Sykkylven samarbeidar med NMS (Det norske misjonsselskap) om å dele av våre gode gjennom felles prosjekt i Midt-Austen. Der vi arbeidar for auka tilgang på undervisning og betring av livskvalitet for barn og unge.
Det gjer vi t.d. ved å gi nettundervisning til flyktningar og undervisning på eige språk gjennom satellitt-TV. Kjempe mot kjønnsbasert vald i tvangsekteskap for unge, ved bl.a. undervisning og foredrag om tema som rasisme, konflikthandtering og likeverd, saman med lokale samarbeidspartnarar.
Saman kan vi være med å gi barn og unge i Midt-Austen høve til eit betre liv.
Familiefesten i kyrkjeparken er òg ein del av kyrkja og NMS si nasjonale satsing «Saman som kyrkje i heile verda», som er ei påminning om at saman kan vi bidra til å betre liva til kvarandre. Både ved prosjekt som det vi har i Midt-Austen, men også lokalt her i Sykkylven og i våre nære relasjonar. Berre vi står saman kan vi utrette mykje! Noko både gudstenesta og festen i kyrkjeparken vil bere preg av .
Alle er hjartans velkomne til å være med på gudstenesta, eller berre være saman i kyrkjeparken etterpå.
