Låsesystemet til ytterdørene i både Ikornnes og Sykkylven kyrkjer skifter frå fysisk nøkkel til mobilnøkkel i løpet av juni 2026.
Dette skjer som eit nødvendig tiltak for å betre sikkerheita og lette administrasjonen. Målet er på ingen måte å redusere tilgangen til kyrkjene, men å sikre betre oversikt, sporbarheit, ingen utvendige nøkkelboksar og ingen nøklar på avveie.
Innerdørene vil (med nokre unntak) være som før. Då med innvendige nøkkelboksar og allereie utdelte nøklar.
Systemet som er valgt er både kostnadseffektivt og har ein enkel installasjon (utan behov for ombygging av dører og straumtilførsel). Kort fortalt inneber dette at den utvendige låsesylinderen blir byta ut med ein sylinder med ein «sopp» utanpå. Innvendig blir det som før, med låsvridar.
Utvendig blir det som på dette bildet (ved inngangen til kyrkjekontoret):
Den enkelte brukar blir så tildelt (via SMS) ein mobilnøkkel, til ein app (iLOQ S50). Tilgangen kan vi styre både som tidsavgrensa og varig. Ved utleige eller for ein handtverkar er det eksempelvis fint med ein tidsavgrensa tilgang.
Ved hjelp av NFC på telefonane gir telefonen frå seg litt straum til «soppen» slik at den gjer det mogleg å vri rundt «soppen», likt med ein nøkkel. Vi har testa dette ut ved inngangsdøra til kyrkjekontoret, og det fungerer bra. I staden for ein fysisk nøkkel bruker ein altså mobilen som nøkkel til å låse både opp når ein kjem og låse igjen når ein skal gå. Ein stikk difor ikkje ein nøkkel inn i sylinderen, men legg mobilen inntil «soppen» (nøkkelen som alltid står i døra).
Endringar inneber sjølvsagt ei opplærings- og tilvenningsfase, men vi har stor tru for at dette skal gå fint. Til info er det også slik at dette låsesystemet er noko som er tatt i bruk av Sykkylven kommune og andre kommunar rundt oss.
Vi går no inn i ein rolegare periode, så då tenker vi at det vil være lettare å få til denne overgangen så saumlaust som mogleg.
Den som har nøkkel i dag vil bli kontakta av Elise/Arild for å få ordna med mobilnøkkel.