Den norske kyrkja sørgjer over bortgangen hans og kjenner på ei djup takksemd for den lange og trufaste kongegjerninga hans. Vi bed for kongefamilien, for bygda vår og for heile landet vårt i denne særskilde tida.
Ein kan legge ned blomster ved bautaen utanfor Sykkylven kyrkje.
Kl. 12 blir det ringing med kyrkjeklokkene.
Kyrkjeklokkene minner oss om Guds nærvær på jorda, og håpet om eit liv etter døden. Ringinga med kyrkjeklokkene følger same mønster som då kong Olav døydde i 1991. Det skjer i samråd med Det kongelege hoff og regjeringa.
Kapellet er ope for å kunne minnast og ta avskjed, tenne lys, be, skrive i kondolanseprotokoll. Kondolanseprotokoll vil også bli lagt ut i våpenhuset.
I dag, fredag, er kyrkjerommet i Sykkylven kyrje prega av at det blir rigga til den store konserten som skal være i kveld kl. 19 - Fjord Cadenza m/Rune Bergmann, derfor er det kapellet vi nyttar i dag.
I morgon, laurdag, vil Sykkylven kyrkje være opa store deler av dagen.
På søndagens gudsteneste i Sykkylven kyrkje blir det markering, med opa kyrkja i etterkant.
På måndag blir det opa kyrkje store delar av dagen og vi vil halde kyrkja opa mest mogleg i dagane fram til gravferda.